Din tekst på skriv.no - del din tekst med andre
Skrevet av Kjersti Rorgemoen, 19.05.13

Forsvinninga

Me bur i eit fritt land, å her er så fritt at ein ikkje veit kor ein skal gjere av seg. Ein lærer at ein er heldig, at demokratiet og velferda ikkje har kome eller kjem til å kome av seg sjølv, og sjølvsagt er det sant, ein kan bli heilt matt av å minne seg sjølv om kor sant det er, og korleis alle moglegheiter ligg til rette framfor ein, her kan ein studere eller få seg arbeid, ein er ikkje eit fastlåst medlem av nokon samfunnsklasse, ein treng ikkje bli til foreldra sine dersom ein helst vil unngå det, den einaste som kan avgrense framtida er ein sjølv. Såpass fritt står det til. Og så kan ein minne seg sjølv om at folk også har levd til andre tider og i andre land. Daniil Kharms heitte ein diktar som levde i Sovjetunionen, då Stalin rådde og alt som kom på trykk og alle tiltak for tenking og nye måtar å sjå tinga på blei strengt kontrollert og sensurert. Folk blei innebura eller sendt til gokk. Kharms skreiv og skreiv, men fekk bare eit einaste dikt på trykk mens han levde. Han blei fengsla fleire gonger, og forvist til Kursk. Han skreiv fram kjensler av absurditet, og synst menneskelivet ikkje var anna enn ei latterleg kollbøtte. Skriftene hans liknar kanskje tull og vas ved fyrste augekast, men bakom der finst også eit alvor, om fråver av fridom, om ord og folk truga av forsvinning:

Det var en gang en rødhåret mann som ikke hadde øyne eller ører. Hår hadde han heller ikke, så rødhåret var en sannhet med modifikasjoner.

Snakke kunne han heller ikke, fordi han ikke hadde munn. Nese hadde han heller ikke.

Han hadde ikke engang armer eller bein. Noen mage hadde han heller ikke, ingen rygg hadde han, og ingen ryggrad, og ikke noen slags innvoller heller. Han hadde ingenting! Så, det er umulig å skjønne hvem det var.

Det er vel best at vi ikke snakker mer om han.